
Toppturar i Hardanger
Frå fjorden og heilt opp på breane finn du flott og variert toppturterreng i Hardanger. Her er kontrastane store, og det kan vere vår nede ved fjorden og full vinter oppe på fjellet.
Fjella kring Ulvik, Oksenhalvøya, Eidfjord og Sørfjorden byr på mange fine turmål. Her er eit utval, frå kortare alternativ til lange turar som krev ein heil dag eller meir.
Utvalde toppturar
Nokre av turane har eigne sider med meir informasjon og bilete.

Onen og Skorsonen
Osafjellet byr på mange ruteval, frå fine vårdagar i høgfjellet til lange og krevjande nedkøyringar.
Les meir om Onen og Skorsonen →
Oksen, Ingebjørgnuten og Midtfjell
Tre flotte fjell med utsikt over fjordane. Me kan gå ein enkelt topp eller ta heile traversen når vêr, føre og gruppa ligg til rette for det.
Les meir om Oksen, Ingebjørgnuten og Midtfjell →
Storeflåtten
Ein skikkeleg langtur frå Bu og opp i høgfjellet. Det er mykje stigning, men også flotte fjellformasjonar og vid utsikt frå toppen.
Les meir om Storeflåtten →
Rossnos
Rossnos er eit flott alternativ for ein heil dag på ski, med utsyn over Sørfjorden og fjella kring Odda. Ruta blir vald etter forholda.
Ta kontakt for meir informasjon
Folgefonna på langs
Tre dagar med ski, brelandskap og overnatting undervegs. Ein tur for deg som likar lange dagar ute og vil oppleve Folgefonna på ein annan måte.
Ta kontakt for meir informasjon
Fjordsafari og topptur
På nokre turar kan me kombinere RIB på fjorden med skitur til fjells. Det gir ei annleis oppleving, med både sjø og høgfjell same dag.
Les meir om Fjordsafari og topptur →Fleire turmål i Hardanger
Dette er nokre andre fjell og område det kan vere verdt å sjå nærare på. Turane varierer mykje i lengd og vanskegrad.
Skorsonen
Eit fint skifjell i Osafjellet, ofte aktuelt saman med tur til Onen.
Osaskavlen
Vidare innover frå Osafjellet finn du ope høgfjell og fleire alternativ for vårskiturar.
Kjeåsen – Onen
Bratt, lang og krevjande tur frå fjorden og opp mot Onen. Aktuell når forholda er gode.
Ingebjørgnuten
Flott utsiktstopp på Oksenhalvøya, med mange moglegheiter for nedkøyring.
Midtfjell
Eit av dei tre store fjella på Oksenhalvøya, med flott utsikt mot fjordane.
Tveitakvitingen
Høgfjellstur i Kvam-området. Ein tur for dagar med gode forhold og god sikt.
Torefjell
Eit kjent toppturmål ved Kvamskogen og Øystese, med fleire aktuelle ruter.
Gygrastolen
Særmerkt fjell ved Mauranger. Krevjande terreng som krev nøye turplanlegging.
Vassfjøro
Eit markant fjell ved Ulvik med store høgdeskilnader og krevjande skiterreng.
Byrkjefjell
Turmål på Kvamskogen, med både skog og ope fjellterreng.
Skrott
Eit flott og meir avsides turmål i Hardanger for fjellvande skiløparar.
Reinanuten
Ved Folgefonna ligg fleire flotte fjell. Reinanuten er eit alternativ for turar med god tid og rett føre.
Vil du på topptur i Hardanger?
Ta gjerne kontakt med ønskje om turmål og kva slags oppleving de ser for dykk. Me finn ei rute som passar gruppa og forholda.
E-post:
