Me guidar dei fleste kjende toppturane i områda Hardanger og Voss. Ta gjerne kontakt, så skreddarsyr me ein tur som passar dine ønskjer, nivå og forholda i fjellet. Under finn du eit utval av turane me tilbyr.
RIB + topptur ski

Fjordsafari og guida toppturar på ski

I samarbeid med Hardangerfjord Adventureguide tilbyr me kombinerte RIB-turar og guida toppturar på ski frå februar til midten av mai.

Dette er ein heilt spesiell måte å oppleve Hardanger på: først fjorden med båt, deretter fjellet på ski – frå sjø til topp i eit av dei mest spektakulære landskapa på Vestlandet.

Med RIB-båt tek Hardangerfjord Adventureguide deg med til startpunktet for turen. Derifrå går turen vidare på ski mot toppen, med store naturopplevingar, flott skikøyring og utsikt mot både fjord, bre og høgfjell.

Bestilling skjer via Hardangerfjord Adventureguide.

Fjordsafari og topptur til Onen
RIB + topptur Onen · 1621 moh. Vårsesong

Fjordsafari og guida topptur til Onen

Ruta frå Osafjorden er berre tilgjengeleg med båt – og gir ein lang og spektakulær vårtur du seint vil gløyme.

Fjellet Onen (1621 moh.) har stupbratte fjellsider ned mot Simadalsfjorden og Eidfjord, men ruta opp frå veglause Bagnstrond ved Osafjorden byr på variert og artig skikøyring.

På toppen får du panoramautsikt mot Hardangerfjorden, Hardangerjøkulen, Folgefonna og – på klare dagar – heilt til Gaustatoppen.

Ved gode snøforhold er dette ein av dei få turane der det kan vere mogleg å stå på ski nesten heile vegen ned mot fjorden.

Hardangerfjord Adventureguide
Fjordsafari og topptur til Oksen
RIB + topptur Oksen · 1241 moh. Fjordutsikt

Fjordsafari og guida topptur til Oksen

Kombinert RIB-tur og topptur på ski til ein av dei flottaste fjelltoppane i Hardanger.

Frå Oksen har du storslått panoramautsikt over store delar av Hardanger og over fire fjordarmar: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden og Granvinsfjorden.

I klarvær kan du også sjå Folgefonna, Hardangervidda og Hardangerjøkulen med si karakteristiske form. Dette er ein tur som kombinerer fjordoppleving og topptur på ein heilt unik måte.

Hardangerfjord Adventureguide

Video frå opplevingane

Eit lite glimt av korleis fjordsafari og topptur kan opplevast i Hardanger.