Fleire av våre guida vinterturar kan gjennomførast med truger – ein fantastisk måte å oppleve det snødekte fjellandskapet på Vestlandet. Trugeturar er enkle å lære, morosame å gå og passar både for nybyrjarar og erfarne fjellfolk. Med truger kjem du tettare på naturen og kan oppdage vinterlandskap som ellers kan vere vanskeleg å nå. Undervegs deler guiden lokalkunnskap, historier og sørger for ei trygg og minneverdig oppleving i fjellet.
Oksen – trugetur med fjordutsikt
Oksen er ein av dei mest spektakulære fjellturane i Hardanger. Turen tek normalt 6–8 timar og gir ei fantastisk utsikt over Hardangerfjorden og dei mange fjellområda rundt fjorden.
Turen kan tilpassast etter ønskje og nivå – vi kan gå i dagslys, i solnedgang eller under stjernehimmelen på klare vinterkveldar. På toppen tek vi ein pause med varm drikke og litt snacks medan vi nyt utsikta.
Transport kan ordnast frå Voss, Granvin eller Ulvik før vi køyrer vidare til startpunktet for turen. Før avgang går vi gjennom sikkerheit og nødvendig utstyr.
Trolltunga – vintertur med truger
Trolltunga er ein av Noregs mest ikoniske turar. Vinterstid blir opplevinga ekstra spesiell – færre folk, stille fjell og eit dramatisk vinterlandskap.
Turen startar i Skjeggedal og går via Mågelitopp før vi tek på truger (avhengig av snøforhold). Vidare går ruta mot Gryteskar med utsikt mot Folgefonna før vi held fram mot Tyssebotn og Trolltunga.
Heile turen er ca. 28 km tur-retur med rundt 850 høgdemeter, og tek normalt 9–12 timar. Undervegs tek vi fleire pausar for mat, kvile og fotografering.
Transport kan ordnast frå Voss, Granvin, Ulvik eller Odda.
