Hardanger og Voss byr på fantastiske toppturar, og me guidar dei fleste av dei kjende turmåla i området. Ta gjerne kontakt, så finn me saman ein tur som passar dine ønskje og ferdigheiter – og dei aktuelle forholda i fjellet.
Trolltunga i vinterlandskap
Guida vintertur i Hardanger

Trolltunga – vintertur med truger

Opplev ei av Noregs mest ikoniske fjellformasjonar i spektakulær vinterdrakt.

28 km Tur-retur
1050 m Høgdemeter
10–13 t Varigheit

Ei heilt spesiell vinteroppleving

Trolltunga er ein av Noregs mest ikoniske turar. Vinterstid blir opplevinga ekstra spesiell – færre folk, stille fjell og eit dramatisk vinterlandskap.

Turen startar i Skjeggedal og går via Mågelitopp før vi tek på truger, avhengig av snøforholda. Vidare går ruta mot Gryteskar med utsikt mot Folgefonna, før vi held fram mot Tyssebotn og til slutt Trolltunga.

Ein heil dag i vinterfjellet

Heile turen er om lag 28 kilometer tur-retur, med rundt 850 høgdemeter. Turen tek normalt 9–12 timar, avhengig av vêr, snøforhold og tempoet i gruppa.

Undervegs tek vi fleire pausar for mat, kvile og fotografering. Vi set av god tid til å nyte utsikta og det særprega vinterlandskapet.

Bilete frå vinterfjellet

Transport og praktisk informasjon

Transport kan ordnast frå Voss, Granvin, Ulvik eller Odda. Vi køyrer vidare til Skjeggedal, der turen startar.

Viktig å vite

Dette er ein lang og krevjande vintertur som føreset god fysisk form, varme klede og eigna fottøy. Ta med nok mat og drikke for ein heil dag ute. Turen blir tilpassa vêr- og snøforholda.

Klar for Trolltunga i vinter?

Ta kontakt for å planleggje ein guida vintertur til Trolltunga.

Send ei førespurnad