Booking og vilkår
Hardanger Fjellguide tilbyr guida turar i fjell og vinterterreng der tryggleik alltid kjem først. Turar blir planlagde og tilpassa ut frå vêr, snøforhold og gruppa sitt nivå, slik at du får ei best mogleg oppleving på naturen sine premissar.
Booking
Booking er stadfesta når dato og tur er avtalt mellom partane, vanlegvis på e-post eller melding. Bestillinga gjeld for den avtalte datoen, men gjennomføring skjer alltid med atterhald om vêr, føre og tryggleik.
Vêr, snøforhold og gjennomføring
Endeleg vurdering av gjennomføring blir normalt gjort 2–4 dagar før turen. Dersom forholda ikkje er forsvarlege eller ikkje gir ei god oppleving, kan turen bli endra, flytta eller avlyst.
Om planlagd turmål ikkje kan gjennomførast, blir det så langt det er mogleg foreslått eit alternativ i same tidsrommet.
Betaling
Betaling skjer normalt etter gjennomført tur, enten via faktura eller etter nærare avtale. For større oppdrag, firmaturar eller turar som krev særskild planlegging, kan andre betalingsvilkår avtalast på førehand.
Avbestilling frå kunde
Avbestilling kan skje kostnadsfritt inntil 72 timar før turstart. Ved seinare avbestilling kan heile eller delar av turprisen bli kravd, særleg dersom datoen har vore halde av eksklusivt for kunden.
Sikkerheit og ansvar
Ferdsel i fjellet inneber alltid ein viss risiko. Guiden har ansvar for dei overordna tryggleiksvurderingane, og deltakarane pliktar å følgje instruksar undervegs.
- Du må møte med eigna klede og utstyr
- Du må gi beskjed om forhold som kan ha betydning for tryggleiken
- Tur og tempo blir tilpassa nivået i gruppa så langt det er praktisk mogleg
Sjukdom eller uforutsette hendingar
Dersom guide blir sjuk eller det oppstår andre uforutsette forhold, vil det så langt det er mogleg bli forsøkt å skaffe annan kvalifisert guide. Dersom dette ikkje let seg gjere, blir turen avlyst utan kostnad for kunden.
Har du spørsmål om booking, nivå, utstyr eller gjennomføring, er du alltid velkomen til å ta kontakt før bestilling.
