Guida turar i Hardanger og Voss
Opplev fjella med lokal guide. Private fjellturar og toppturar på ski, tilpassa dykkar ønskje, erfaring og dei aktuelle forholda.
Prisar for privat guiding
Fleksible turar for 1–6 personar. Prisen gjeld heile gruppa.
| Personar | Fjelltur | Topptur på ski |
|---|---|---|
| 1–2 | 4 500 kr | 6 500 kr |
| 3–4 | 5 500 kr | 7 500 kr |
| 5–6 | 6 500 kr | 8 500 kr |
Turmål og opplegg blir avtalt på førehand.
Meir om turane
Guida fjellturar
Frå rolege naturopplevingar til lengre og meir krevjande toppturar. Hardanger og Voss byr på eit stort utval flotte turmål med variert terreng og utsikt.
Turen blir tilpassa gruppa sitt nivå, ønskje og dei aktuelle forholda. Det er rom for både gode pausar, fotografering og naturopplevingar undervegs.
Toppturar på ski
Opplev vinterfjellet i Hardanger og Voss, med flotte oppturar og nedkøyringar i variert fjellterreng.
Turmål og rute blir tilpassa gruppa si erfaring og ferdigheiter. Vêr, snø- og skredforhold blir vurderte før og under turen.
Praktisk informasjon og utstyr
Varigheit: Normalt 6–8 timar, avhengig av turmål og forhold.
Utstyr: Eigna sko eller skiutstyr, klede etter vêret, dagstursekk, mat og drikke.
Planlegging: Turmål, oppmøtestad og praktiske detaljar blir avtalte i forkant.
Tryggleik: Vêr og forhold blir vurderte fortløpande. Turmål eller rute kan bli endra dersom forholda krev det.
Overnatting i Hardanger
Kombiner fjellturen med overnatting ved vakre Granvinsvatnet eller på Skykkjeset.
Finn ein tur som passar dykk
Send ønskja dato, tal på deltakarar og litt om kva de vil oppleve. Me foreslår eit turmål og opplegg som passar gruppa.
Ta kontakt