Storeflåtten
Storeflåtten ligg på sørsida av Eidfjorden og viser seg som ein stor, mørk og mektig bergvegg sett frå nordsida. Dette er ein av dei lengre og tyngre toppturane i området – med stor natur, store høgder og storslått utsikt.
Turen startar frå Bu på sørsida av Hardangerbrua. Vanlegvis byrjar me med ski på sekken før me tek dei på når me nærmar oss Bunuten. Derifrå går turen vidare i flott og mektig terreng opp mot Storeflåtten på 1616 moh.
Utsynet frå toppen er upåklageleg – midt mellom Folgefonna og Hardangerjøkulen, med panorama utover Hardangervidda. Dette er ein tur som krev både god form og erfaring med lange dagar i høgfjellet.
Turen blir berre gjennomført i trygge snøforhold og stabilt, godt vêr.
Påmeldingsfrist: 5 dagar
Grupperabatt: 15 %
Bilete frå tidlegare turar
Eit utval bilete frå turar til Storeflåtten og terrenget rundt.
Måneskin over Oksen, sett frå partiet opp mot Storeflåtten.
