Topptur over Oksenhalvøya
Turen over Oksenhalvøya startar i Ulvik og går over Midtfjell, Ingebjørgnuten og Oksen – kanskje dei tre fjordfjella i Hardanger med aller flottast nedkøyring og utsikt.
Frå Oksenhalvøya får du storslått panoramautsikt over store delar av Hardanger og over fire fjordarmar: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden og Granvinsfjorden. I klarvær kan du også sjå både Folgefonna, Hardangervidda og Hardangerjøkulen med si karakteristiske form.
Dette er ein lang og krevjande tur, men også ei av dei mest minneverdige toppturopplevingane i området når vær og føre spelar på lag. Med litt flaks kan me også få sjå reinsdyr på Oksenhalvøya undervegs.
Bilete frå tidlegare turar
Eit utval bilete frå toppturar over Midtfjell, Ingebjørgnuten og Oksen.
