Toppturar på Voss
Voss har noko av det mest varierte toppturterrenget på Vestlandet. Her finn du alt frå korte turar i skogen til lange dagar over høge fjell og ryggar.
Variasjonen er noko av det beste med Vossafjella. Ein dag kan det vere puddersnø i Jordalen, neste dag vårføre på Vikafjellet. Kvar turen går, kjem an på vêr, føre og kva slags oppleving gruppa ønskjer. Her er eit utval turar og område.
Utvalde toppturar og område
Desse har eigne turomtalar med fleire bilete og informasjon.
Raundalsryggen
Ein skikkeleg Vossaklassikar over fleire høge toppar, mellom anna Horndalsnuten og Olsskavlen. Ein lang dag med mykje terreng og flotte nedkøyringar.
Les meir om Raundalsryggen →
Jordalen
Jordalen er kjent for mykje snø og eit variert terreng. Her kan me velje mellom skogskøyring, kortare turar og meir krevjande fjell.
Les meir om Jordalen →
Myrkdalen og Vikafjellet
Frå Finnbunuten og Bjørndalskamben til rolegare turar på Vikafjellet. Eit godt utgangspunkt når me vil finne ein tur som passar dagen.
Les meir om Myrkdalen →
Raundalen og fjella rundt
Raundalen byr på både tilgjengelege dagsturar og større fjellturar. Eilivseggi og fjella kring Mjølfjell er mellom alternativa, avhengig av snøforhold.
Spør om tur i Raundalen →Fleire fine toppturar på Voss
Nokre passar fint som vanlege dagsturar, andre krev meir erfaring og gode forhold. Turen kan ofte leggjast opp på fleire måtar.
Mykkeltveitveten · 1131 moh.
Ein fin klassikar ved Rasdalen og Hamlagrø. Eit flott alternativ når me ønskjer ein tur med god fjellkjensle utan den aller lengste dagen.
Lønahorgi · 1410 moh.
Den kjende toppen over Voss, med vid utsikt og fleire moglege startpunkt, mellom anna frå området ved Voss Resort.
Finnbunuten · 1358 moh.
Eit populært turmål både frå Myrkdalen og Vikafjellet. Kan vere eit fint val for dei som vil prøve seg på topptur.
Bjørndalskamben · 1402 moh.
Ein flott topp ved Myrkdalen, med høgfjellsterreng og spennande nedkøyringsmoglegheiter når forholda ligg til rette.
Eilivseggi · 1432 moh.
Eit flott turmål i Raundalen. Her kan ein kombinere turen med tog, og få ein litt annan inngang til Vossafjella.
Bakkanosi
Frå Jordalen går turen mot eit av dei flottaste utsiktspunkta over Nærøyfjorden. Særleg fin som vårtur med gode og trygge forhold.
Olsskavlen · 1576 moh.
Eit av dei store fjella langs Raundalsryggen, og eit turmål for deg som ønskjer ein meir krevjande fjelldag.
Horndalsnuten · 1461 moh.
Markant topp på Raundalsryggen. Ein flott tur i seg sjølv, eller del av ein lengre ryggtravers.
Kvitanosi · 1433 moh.
Ein fin høgfjellstur i området ved Eksingedalen og Gullbrå, for dagar då me ønskjer meir ope fjellterreng.
Vil du på topptur på Voss?
Ta gjerne kontakt med informasjon om kor mange de er, kva erfaring de har og når de ønskjer å gå. Saman finn me ein tur som passar gruppa og forholda.
