Me guidar dei fleste kjende toppturane i områda Hardanger og Voss. Ta gjerne kontakt, så skreddarsyr me ein tur som passar dine ønskjer, nivå og forholda i fjellet. Under finn du eit utval av turane me tilbyr.
Raundalsryggen på ski
Topptur ski

Raundalsryggen

Raundalsryggen er ein ekte klassikar på ski. Her ligg fire storfjell på rekkje, skilde av djupe skar, og noko av det mest spanande skiterrenget på Voss finn du nett her.

Dette er ein lang og krevjande ryggtur for deg som ønskjer store fjell, variert terreng og ei av dei flottaste gjennomføringane på ski i Vossafjella.

Raundalsryggen er kanskje den mest populære av dei store ryggturane i området, og byr på imponerande toppar som Olsskavlen (1576 moh.) og Horndalsnuten (1467 moh.), med fleire markerte toppunkt mellom.

Turen går gjennom stort og ope høgfjellsterreng med fleire skar og lange etappar, og gir ei skikkeleg storfjellskjensle frå start til slutt. Dette er ein tur for deg som ønskjer mykje terreng, mykje utsikt og ein klassikar på ski.

Rute
Liaset / Voll – Olsskavlen (1576 moh.) – Seldalsnuten (1548 moh.) – Skipadalsnuten (1496 moh.) – Horndalsnuten (1461 moh.) – Skaftedal / Skiple
Periode
Mars – juni
Vanskegrad
Krevjande
Varigheit
8–10 timar · omlag 1800 høgdemeter · ca. 24 km
Minimum deltakarar
4 personar
Oppmøte
Amfi Voss kl. 07:00
Pris
Sjå pris og info
Påmeldingsfrist: 5 dagar
Grupperabatt: 15 %
Kart over Raundalsryggen

Turen startar enten frå Liaset på Espelandsdalen (sørvendt) eller Voll i Raundalen (nordvendt), og blir avslutta i Skaftedal eller på Skiple.

Bilete frå tidlegare turar

Eit utval bilete frå turar over Raundalsryggen og toppane rundt.

Hurrungane sett frå Olsskavlen.