
Fjordsafari og guida topptur til Onen (1621m.)
Ruta frå Osafjorden er kun tilgjengelig med båt og dette blir ein lang og flott vårtur du seint vil gløyma!Fjellet Onen (1621 moh) har stupbratte fjellsider ned i Simadalsfjorden og Eidfjord, men vår rute opp frå veglause grenda Bagnstrond ved Osafjorden byr på variert og artig skikøyring.
På toppen vert det panoramautsikt mot Hardangerfjorden, Hardangerjøkulen, Folgefonna og Gaustatoppen på ein klar dag. Ved gode snøforhold er dette ein av dei få turane ein kan stå på ski nesten heile vegen ned til fjorden.
(For bestilling kontakt Hardangerfjord Adventureguide)


Fjordsafari og guida topptur til Oksen (1241m.)
Kombinert RIB-tur og topptur på ski til ein av Hardanger sine flottaste toppar. Frå Oksen har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og utsikt over fire fjordarmar. Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein og sjå både isbreen Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon.(For bestilling kontakt Hardangerfjord Adventureguide)
