Turen over Oksenhalvøya starter i Ulvik og går over Midtfjell, Ingebjørgnuten og Oksen - kanskje dei tre fjordfjella i Hardanger med flottast nedkøyring og utsikt! Frå Oksenhalvøya har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og over fire fjordarmar - Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein sjå både Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon. Dette er ein av dei mest spektakulære toppturane i Hardanger med tanke på panorama fjordutsikt og eventyrleg skikøyring - om vær og føre tillet det. Og er me heldig får me sett reinsdyra som går på Oksenhalvøya.| Periode: | Ulvik - Midtfjell (1255m) - Ingebjørgnuten (1210m) - Oksen (1241m) - Tjoflot |
| Periode: | jan, feb, mars, april, mai, juni |
| Gradering: | Krevande |
| Varigheit: | 8-10 timar, omlag 1700 høgdemeter og 26km |
| Utstyrsinfo: | klikk her |
| Ant. påmeldte: | minimum 6 stk. |
| Oppmøte: | Coop Granvin kl 07:00 |
| Påmelding: | For påmelding bruk kontaktskjema. |
| Pris: | Pris: Sjå info. Påmeldingsfrist: 3 dager. Grupperabatt 15%. |
Bilete frå tidlegare turar:












