
Toppturar på Osafjellet (Onen, Skorsonen, Osaskavlen, Nipahøgdi, Nuten og Kyrelvfjellet)
Osafjellet ligger i Ulvik innerst i Hardanger og er eit flott utganspunkt for toppturar av ulik lengde og vanskegrad. Fjell som kan nevnast er Onen, Skorsonen, Osaskavlen, Nipahøgdi og Kyrelvfjellet. Osafjellsvegen er ein asfaltert bilveg som går heilt opp til 1100m. og blir brøytt til påske (opp til Viermyr på ca 700m). Området er derfor eit fint utgangspunkt for turar både tidleg og seint i sesongen. Tidlegaste topptur me har gjennomført på Osafjellet er siste veka i September, då turen gjekk til Onen i 10cm pudder!
Eit anna fint utganspunkt for topptur er frå Kjeåsen. Den kjende fjellgarden Kjeåsen ligg som eit ørnereir i den stupbratte fjellsida, 530 meter over Simadalsfjorden. Frå Kjeåsen spenner ein på seg skia og tar fatt på den bratte fjellsida opp mot Onen. Nedkøyringa frå Onen til Kjeåsen er kanskje ei av dei flottaste i Hardanger - lang og fin - med heile 1100 høgdemeter. Onen ligg innerst i Hardanger og er blant dei aller høgaste fjellene i området. Frå toppen har ein storslagen utsikt mot deler av Hardanger, Hardangervidda, Vassfjøro, Folgefonna, Hardangerjøkulen og Vossafjella.
| Turalternativ (langtur) | Osafjellet - Onen - Skorsonen ( Osafjellet - Osaskavlen - (Osete) Kjeåsen - Onen |
| Tidspunkt: | Frå Osafjellet: november - juni Frå Kjeåsen: april, mai, juni (når vegen til Kjeåsen vert åpna) |
| Gradering: | Krevande |
| Varigheit: | Frå Kjeåsen: 7-9 timar, 1300 høgdemeter, 20km Frå Osafjellet: 6-8 timar, 1000 høgdemeter, 20km |
| Utstyrsinfo: | klikk her |
| Ant. påmeldte: | minimum 4 stk. |
| Oppmøte: | Coop Granvin kl 07:00 |
| Påmelding: | For påmelding bruk kontaktskjema. |
| Kontakt/Påmelding: | Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. |
| Pris: | 2000,- per person. Påmeldingsfrist: 5 dager. Grupperabatt 15%. |
Bilete frå tidlegare turar
Skorsonen 09.april 2025
Nuten 7.april 2025

Kjeåsen med Eidfjord i bakgrunnen
Hardangerjøkulen sett frå Onen
Utsikt frå Onen (1621m) med Vassfjøro i bakgrunnen
Hårteigen
Hardangerjøkulen
Gaustatoppen





Sesongstart på Onen (Osafjellet) from Kjartan on Vimeo.