Oksenhalvøya (Oksen, Ingebjørgnuten, Midtfjell)


Frå Oksenhalvøya har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og over fire fjordarmar - Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein sjå både Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon. Dette er ein av dei mest spektakulære turane i Hardanger og på Voss!

Hardanger Fjellguide arrangerer turar til alle dei tre fjella på Oksenhalvøya – Oksen, Ingebjørgnuten og Midtfjell – og tilbyr guida opplevingar som gjev deg meir enn berre ein vanleg fjelltur. Med oss får du ein tur tilrettelagd etter dine ynskje, der me tek deg utanfor dei mest kjente stiane og inn i terreng som kan være krevjande å finne på eiga hand.

Me kan tilpasse turane etter nivå og preferansar, og legg opp til både dagsturar og meir spektakulære opplevingar som solnedgangsturar, måneskinsturar eller lengre rundturar der du får oppleve fjellområdet frå fleire sider. Ynskjer du ei rundløype? Me planlegg gjerne ein tur der du startar på éi side av fjellet og endar opp ein annan stad – perfekt for dei som vil sjå mest mogleg utan å gå same veg tilbake. I tillegg sørgjer me for praktisk tilrettelegging som transport og logistikk, slik at du kan fokusere på opplevinga og ikkje detaljane. Me har god kjennskap til området, og våre guidar deler gjerne lokal historie, naturkunnskap og gode historier undervegs. Bli med oss på ein fjelltur utanom det vanlege – me tek deg med til dei beste utsiktspunkta, dei skjulte perlene og sørgjer for ei minneverdig oppleving i fjella på Oksenhalvøya.

Rute: Oksenhalvøya (Oksen, Ingebjørgnuten, Midtfjell)
Tidspunkt: mars, april, mai, juni, juli, august, september
Gradering: middels
Varigheit: 5-7 timar, omlag 1200 høgdemeter og 14km
Ant. påmeldte: minimum 6 stk.
Oppmøte: Coop Granvin kl 08:30
Påmelding: For påmelding bruk kontaktskjema.
Pris: 1400,- per person. Påmeldingsfrist: 5 dager. Grupperabatt 15%.

Bildegalleri