Folgefonna på langs
Å kryssa Folgefonna på ski er noko heilt spesielt. Over tre dagar går me frå nord til sør, med lange etappar på breen, mektige fjell rundt oss og utsikt mot Hardanger.
Dette er ein tur eg gjerne deler med folk som likar lange dagar ute, og som har lyst til å oppleva Folgefonna på ein annan måte enn frå bilvegen eller skisenteret.
Slik går turen
Me startar ved Folgefonna Sommerskisenter i Jondal og går sørover gjennom eit variert brelandskap. Undervegs er planen å overnatta på Holmaskjerbu og Sauabrehytta, før me avsluttar ned mot Espeland og Skarsmoen.
Ruta og overnattinga kan endrast etter snø, vêr og tilhøva på breen. Ved behov kan me nytta telt. Dette er ikkje ein tur der me pressar gjennom ei fast rute for ein kvar pris.
Tre dagar over fonna
Dag 1 – Frå Jondal til Holmaskjer
Frå skisenteret går me over Nordre Fonna, ned mot Kvitnadalsvatnet og vidare via Blådalsvatnet og Hundsøyra til Holmaskjerbu.
Dag 2 – Sørover breen
Me kryssar Søndre Fonna og held fram mot Sauabrehytta. På ein klår dag er utsynet mot fjordane og fjella rundt verkeleg flott. Om lag 17 km.
Dag 3 – Ned frå fjellet
Frå Sauabrehytta går me rundt sørsida av Sauanuten, vidare mot Træstølen og Espeland og avsluttar ved Skarsmoen. Om lag 16 km.
Me har ei kort samling før avreise, digitalt eller etter avtale, der me går gjennom ruta, utstyret og dei praktiske detaljane.
Praktisk informasjon
Utstyr og førebuing
- Fjellski eller lett randoneeutstyr, feller og utstyr tilpassa føret
- Klede for skiftande høgfjellsvêr, vindsekk og liggeunderlag
- Sovepose eller lakenpose etter avtalt overnatting
- Personleg utstyr, solbriller og solkrem
Komplett pakkeliste og krav til tryggleiks- og breutstyr får du før turen.
Dato, transport og påmelding
Aktuelle turdatoar blir avtalte ut frå interesse, vêr og snøforhold. Samkøyring til Jondal og returtransport frå Skarsmoen blir planlagde på førehand.
Kart: Folgefonna 1:50 000
Gruppestorleik: 4–6 personar
Kontakt:
Bilete frå tidlegare turar
Nokre glimt frå Folgefonna gjennom vårsesongen. Trykk på eit bilete for å sjå fleire.
