• Sommarturar til fots

    Me tilbyr guida sommarturar i storslått vestlandsnatur i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og solid lokalkunnskap legg me til rette for trygge, fine og minnerike turar for både nybyrjarar og erfarne fjellfolk.

    Les meir: Fjelltur

  • Guida trugeturar i Hardanger

    Fleire av våre guida vinterturar kan gjennomførast med truger – ein fantastisk måte å oppleve det snødekte fjellandskapet på Vestlandet. Trugeturar er enkle å lære, morosame å gå og passar både for nybyrjarar og erfarne fjellfolk. Med truger kjem du tettare på naturen og kan oppdage vinterlandskap som ellers kan vere vanskeleg å nå. Undervegs deler guiden lokalkunnskap, historier og sørger for ei trygg og minneverdig oppleving i fjellet.

    Les meir: Trugetur

  • Topptur på ski i Hardanger

    Topptur på ski

    Me tilbyr guida toppturar til dei mest populære skifjella i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og stor lokalkunnskap sørgjer me for trygge og minneverdige turar for både nye og erfarne toppturentusiastar.

    Les meir: Topptur på ski

Guida fjellturar i Hardanger & Voss

Praktisk info • Utstyr • Prisar • Sikkerheit

Hardanger og Voss byr på noko av det flottaste vestlandet og Noreg har å by på. Me tilbyr guida turar til både klassiske fjelltoppar og skjulte perler – frå luftige høgder til rolege fjellstiar i spektakulær vestlandsnatur.

Opplevingar du kan få med Hardanger Fjellguide
  • Guida turar til populære fjelltoppar i Hardanger og på Voss.
  • Panoramautsikt over Hardangerfjorden, Sørfjorden og høgfjellet
  • Kveldsturar med vakker solnedgang
  • Rolige familieturar eller meir krevjande fjellruter
  • Skreddarsydde turar etter form og ambisjon
Prisar – sommar (fjelltur)
Fast dagspris per guide
Gruppe Pris
1–3 deltakarar 6 000 kr
4–8 deltakarar 8 000 kr

Maks 8 deltakarar per guide. For svært små grupper (1–2) kan vi avtale pris.
Til dømes vil prisen bli 2 000 kr per person ved 3 deltakarar, og 1 000 kr per person ved gruppe på 8 deltakarar.

Praktisk informasjon

Oppmøte blir avtalt etter turmål og forhold. Vi tilpassar lengde, tempo og ruteval etter gruppa. Sommarsesongen varer vanlegvis frå mai til oktober.

Utstyr du må ha med

  • Gode fjellsko
  • Dagstursekk (20–30L)
  • Vind- og vatntett jakke
  • Ullundertøy på kjølige dagar
  • Lett mellomlag (fleece/ull)
  • Hovedlykt ved kveldstur
  • Solbriller, solkrem og caps
  • Matpakke + god drikke

Tips

  • Ta med ekstra sokkar for komfort
  • Bruk skotrekk dersom det er vått i terrenget
  • Pakk lett – men ha med varmeplagg
  • Ha god margin på drikke ved varme dagar
Inkludert / Ikkje inkludert

Inkludert

  • Erfaren guide med lokalkunnskap
  • Ruteplanlegging og tilpassing
  • Tryggleiksvurdering og områdekunnskap
  • Tilpassa opplegg for gruppa

Ikkje inkludert

  • Personleg turutstyr
  • Transport til/frå startpunkt
  • Mat og drikke
  • Reiseforsikring
Ta kontakt

Har du spørsmål eller ønskjer å bestille guida fjelltur?

Kontakt oss
OMTALER
""Vi var tre fjellvante venner som gikk med Hardanger Fjellguide på randonnè-tur til Ingebjørgnuten i april. For det første var dette en fantastisk fin tur: fint, og lett terreng å gå i, storslagen utsikt, og et imponerende skue over Sørfjorden/Hardangerfjorden da vi sto på toppen på 1210 moh. [..]" Les meir

- - Willhelm Mohn - -