Fjelltur
Sommarturar til fots
Me tilbyr guida sommarturar i storslått vestlandsnatur i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og solid lokalkunnskap legg me til rette for trygge, fine og minnerike turar for både nybyrjarar og erfarne fjellfolk.
Trugetur
Fleire av våre guida vinterturar kan gjennomførast med truger – ein fantastisk måte å oppleve det snødekte fjellandskapet på Vestlandet. Trugeturar er enkle å lære, morosame å gå og passar både for nybyrjarar og erfarne fjellfolk. Med truger kjem du tettare på naturen og kan oppdage vinterlandskap som ellers kan vere vanskeleg å nå. Undervegs deler guiden lokalkunnskap, historier og sørger for ei trygg og minneverdig oppleving i fjellet.
Topptur på ski
Topptur på ski
Me tilbyr guida toppturar til dei mest populære skifjella i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og stor lokalkunnskap sørgjer me for trygge og minneverdige turar for både nye og erfarne toppturentusiastar.
Uncategorised
Booking og vilkår
Hardanger Fjellguide tilbyr guida turar i fjell og vinterterreng der tryggleik alltid kjem først. Turar blir planlagde og tilpassa ut frå vêr, snøforhold og gruppa sitt nivå, slik at du får ei best mogleg oppleving på naturen sine premissar.
Booking
Booking er stadfesta når dato og tur er avtalt mellom partane, vanlegvis på e-post eller melding. Bestillinga gjeld for den avtalte datoen, men gjennomføring skjer alltid med atterhald om vêr, føre og tryggleik.
Vêr, snøforhold og gjennomføring
Endeleg vurdering av gjennomføring blir normalt gjort 2–4 dagar før turen. Dersom forholda ikkje er forsvarlege eller ikkje gir ei god oppleving, kan turen bli endra, flytta eller avlyst.
Om planlagd turmål ikkje kan gjennomførast, blir det så langt det er mogleg foreslått eit alternativ i same tidsrommet.
Betaling
Betaling skjer normalt etter gjennomført tur, enten via faktura eller etter nærare avtale. For større oppdrag, firmaturar eller turar som krev særskild planlegging, kan andre betalingsvilkår avtalast på førehand.
Avbestilling frå kunde
Avbestilling kan skje kostnadsfritt inntil 72 timar før turstart. Ved seinare avbestilling kan heile eller delar av turprisen bli kravd, særleg dersom datoen har vore halde av eksklusivt for kunden.
Sikkerheit og ansvar
Ferdsel i fjellet inneber alltid ein viss risiko. Guiden har ansvar for dei overordna tryggleiksvurderingane, og deltakarane pliktar å følgje instruksar undervegs.
- Du må møte med eigna klede og utstyr
- Du må gi beskjed om forhold som kan ha betydning for tryggleiken
- Tur og tempo blir tilpassa nivået i gruppa så langt det er praktisk mogleg
Sjukdom eller uforutsette hendingar
Dersom guide blir sjuk eller det oppstår andre uforutsette forhold, vil det så langt det er mogleg bli forsøkt å skaffe annan kvalifisert guide. Dersom dette ikkje let seg gjere, blir turen avlyst utan kostnad for kunden.
Har du spørsmål om booking, nivå, utstyr eller gjennomføring, er du alltid velkomen til å ta kontakt før bestilling.
Utstyr og praktisk info
Utstyrsliste
- Skisekk med fester til ski og rom til klede, mat, drikke, utstyr etc.
- Randonnée eller Telemarkski med skistopper eller fangreim
- Skisko og staver
- Skihjelm
- Skarejern/stegjern (valfritt)
- Skifeller (sjå over at feller har god lim og dekkjer skiene heilt ut til stålkanten)
- Skredsøkar
- Spade
- Søkestang
- Repsett (i tilfelle binding eller anna ryker)
- 35–40L sekk
- Solbriller og goggles/skibriller
- 1L drikke
- Termos med varm drikk (valfritt)
- Mat og drikke
Bekledning i sekk
- Ekstra skift ullundertøy (over/underdel)
- Isolerende mellomlag (ull/fleece)
- Ekstra lue og buff (hals)
- Ekstra par votter
- Isolasjonsjakke (dun, primaloft eller ull)
Bekledning på kropp
- Vind-/vasstett ytterbekledning
- Isolerende undertøy (ull)
- Lue og buff (hals)
- Hanskar eller votter
Praktisk info
Gå grundig gjennom lista over utstyr og bekledning før du reiser på guida topptur. Er du godt førebudd vil både du og resten av gruppa få meir ut av turen.
Skifeller
Sjåkk at skifellene har god lim/feste og dekkjer skiene heilt ut til stålkanten. Då unngår du å oppleve å glipe i traverser når det er bratt og hardt.
Ski på sekk
Øv på å feste ski (m/sko) til sekken slik at det ikkje går unødvendig mykje tid på dette under turen. Det er lurt å feste saman skituppene i toppen med ein stropp.
Prøv å halde vekta på sekken lågast mogulig utan at det går på bekostning av sikkerheit og turglede. Når du ikkje drassar på unødvendige ting, sparer kroppen mykje energi og du slit mindre, sveitter og frys mindre.
Bekledning på topptur
Oppover bør du ha få lag under skalljakka slik at du ikkje begynner å sveitte straks kroppen begynner å røre seg. Ein god regel er at du skal fryse litt før du begynner å gå. Bruk gjerne berre ei nettingtrøye under frå start – og av og til ein tynn lang- eller korterma ulltrøye utanpå.
Gå jamt og rolig slik at du ikkje blir sveitt. Reguler temperaturen ved å tilpasse tempoet og opne/lukke lufteopningane på skalet.
Ha ekstra bekledning lett tilgjengeleg i sekken om du begynner å fryse eller skal ta kortare pausar.
Guida turar i Hardanger & Voss
Vel mellom vinterturar og sommarturar. Enkle prisar, tydeleg oversikt og opplevingar tilpassa nivå, ønskje og forhold.
Vinterturar
Vinteropplevingar tilpassa både nybyrjarar og erfarne – frå trugetur til topptur på ski.
Trugetur
Ei trygg og fin vinteroppleving som passar for dei fleste.
Topptur på ski
Tilpassa topptur ut frå nivå, erfaring, vêr og snøforhold.
Sommarturar / fotturar
Guida fotturar frå juni til oktober – frå lette dagsturar til lengre fjelleventyr.
Lett fottur
Rolig tur i flott landskap, med passeleg tempo og fin utsikt.
Signaturtur / middels fottur
Turar som Oksen, Ingebjørgnuten eller liknande populære toppar.
2-dagars fjelleventyr
To dagar på fjellet med meir ro, større oppleving og god tid undervegs.
Privat fjelltur
For private grupper, eigne ønskje eller meir fleksibelt opplegg.
Praktisk informasjon
Greit å vite
- Oppmøte blir avtalt etter turmål og forhold
- Lengde, tempo og rute blir tilpassa gruppa
- Sommarsesongen er vanlegvis frå juni til oktober
- Vinterturar går etter forhold og sesong
Ta med
- Gode fjellsko eller vinterklede etter turtype
- Dagstursekk
- Vind- og vasstette klede
- Mat og drikke
- Varme klede etter forholda
Inkludert
- Erfaren guide med lokalkunnskap
- Ruteplanlegging og tilpassing
- Tryggleiksvurdering og områdekunnskap
Ikkje inkludert
- Personleg turutstyr
- Mat og drikke
- Reiseforsikring
Overnatting som tillegg
Treng du ein base for turen, tilbyr me også overnatting ved Granvinsvatnet og på Skykkjeset.
Ta kontakt
Har du spørsmål eller ønskjer å bestille guida tur? Send ei melding, så finn me eit opplegg som passar for deg eller gruppa di.
Kontakt oss

Kjartan Haugen
Hardangerfavoritt: Oksenhalvøya (helst i solnedgang og slusjføre), Storeflåtten og Osafjellet.
www.turogfoto.no
Godkjente vinterturleder DNT

Audun Brekke
Turomtale
"Vi var tre fjellvante venner som gikk med Hardanger Fjellguide på randonnè-tur til Ingebjørgnuten i april. For det første var dette en fantastisk fin tur: fint, og lett terreng å gå i, storslagen utsikt, og et imponerende skue over Sørfjorden/Hardangerfjorden da vi sto på toppen på 1210 moh. For det andre, gjorde Kjartan dette til en veldig hyggelig og godt organisert tur: Super hyggelig guide som kan sine saker, med god innsikt både i lokale forhold, og også hyggelig å ha med på tur! We'll be back!"
- Willhelm Mohn -
"Vi hadde en absolutt nydelig opplevelse i fjellet i går og var superhappy med Kjartan!! Han la opp en tur som passet oss perfekt - selv med et litt utfordrende utgangspunkt med en gruppe med 3 litt ulike ferdigheter og erfaringer? Helt topp på alle måter! Håper vi får anledning til å komme tilbake, randonnée ga veldig mersmak!"
- Karine Storaker Braaten -
"En stor takk for flotte turer i helga. Vi 5 storkoste oss som deltakere på fjordsafari / topptur Oksen, hvor vi møtte to hyggelige, oppmerksomme, imøtekommende med mye kunnskap om området og om det å gå topptur. Dagen etter fikk gruppen vår være med Kjartan til Osafjellet. Flott skikjøring tilpasset vår gruppe. Et fantastisk vær og mye bra skiføre bidro til en fantastisk helg. Vi satte også stor pris på flotte bilder som ble tatt på turen. Bestiller gjerne guiding med dere en annen gang :-)"
- Nina Sølie Halvorsen -
OMTALER ""Vi var tre fjellvante venner som gikk med Hardanger Fjellguide på randonnè-tur til Ingebjørgnuten i april. For det første var dette en fantastisk fin tur: fint, og lett terreng å gå i, storslagen utsikt, og et imponerende skue over Sørfjorden/Hardangerfjorden da vi sto på toppen på 1210 moh. [..]" Les meir
- - Willhelm Mohn - -

