Fjelltur
Sommarturar til fots
Me tilbyr guida sommarturar i storslått vestlandsnatur i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og solid lokalkunnskap legg me til rette for trygge, fine og minnerike turar for både nybyrjarar og erfarne fjellfolk.
Trugetur
Fleire av våre guida vinterturar kan gjennomførast med truger – ein fantastisk måte å oppleve det snødekte fjellandskapet på Vestlandet. Trugeturar er enkle å lære, morosame å gå og passar både for nybyrjarar og erfarne fjellfolk. Med truger kjem du tettare på naturen og kan oppdage vinterlandskap som ellers kan vere vanskeleg å nå. Undervegs deler guiden lokalkunnskap, historier og sørger for ei trygg og minneverdig oppleving i fjellet.
Topptur på ski
Topptur på ski
Me tilbyr guida toppturar til dei mest populære skifjella i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og stor lokalkunnskap sørgjer me for trygge og minneverdige turar for både nye og erfarne toppturentusiastar.
Uncategorised
Guida fjellturar i Hardanger & Voss
Praktisk info • Utstyr • Prisar • Sikkerheit
Hardanger og Voss byr på noko av det flottaste vestlandet og Noreg har å by på. Me tilbyr guida turar til både klassiske fjelltoppar og skjulte perler – frå luftige høgder til rolege fjellstiar i spektakulær vestlandsnatur.
- Guida turar til populære fjelltoppar i Hardanger og på Voss.
- Panoramautsikt over Hardangerfjorden, Sørfjorden og høgfjellet
- Kveldsturar med vakker solnedgang
- Rolige familieturar eller meir krevjande fjellruter
- Skreddarsydde turar etter form og ambisjon
| Fast dagspris per guide | |
|---|---|
| Gruppe | Pris |
| 1–3 deltakarar | 6 000 kr |
| 4–8 deltakarar | 8 000 kr |
Maks 8 deltakarar per guide. For svært små grupper (1–2) kan vi avtale pris.
Til dømes vil prisen bli 2 000 kr per person ved 3 deltakarar, og 1 000 kr per person ved gruppe på 8 deltakarar.
Oppmøte blir avtalt etter turmål og forhold. Vi tilpassar lengde, tempo og ruteval etter gruppa. Sommarsesongen varer vanlegvis frå mai til oktober.
Utstyr du må ha med
- Gode fjellsko
- Dagstursekk (20–30L)
- Vind- og vatntett jakke
- Ullundertøy på kjølige dagar
- Lett mellomlag (fleece/ull)
- Hovedlykt ved kveldstur
- Solbriller, solkrem og caps
- Matpakke + god drikke
Tips
- Ta med ekstra sokkar for komfort
- Bruk skotrekk dersom det er vått i terrenget
- Pakk lett – men ha med varmeplagg
- Ha god margin på drikke ved varme dagar
Inkludert
- Erfaren guide med lokalkunnskap
- Ruteplanlegging og tilpassing
- Tryggleiksvurdering og områdekunnskap
- Tilpassa opplegg for gruppa
Ikkje inkludert
- Personleg turutstyr
- Transport til/frå startpunkt
- Mat og drikke
- Reiseforsikring
Har du spørsmål eller ønskjer å bestille guida fjelltur?
Kontakt ossGåvekort frå Hardanger Fjellguide
Eit gåvekort er ein fin måte å gi nokon ei god oppleving ute på. Du vel sjølv beløpet, og mottakaren kan bruke gåvekortet på alle turane me tilbyr. Gåvekortet kan lastast ned som PDF, eller sendast direkte til mottakaren på e-post.
Slik fungerer det
- Vel beløpet du ønskjer å gi.
- Vel om du vil ha gåvekortet som PDF eller sendt direkte til mottakaren.
- Mottakaren får ein kode som brukast ved bestilling.
- Sjå info om prisar her
Gje eit gåvekort, så vel mottakaren sjølv turen som passar best.
Kva du får med eit gåvekort frå Hardanger Fjellguide
Toppturar, trugeturar, fotturar og skreddarsydde opplevingar.
Beløpet trekkjast frå totalsummen ved bestilling.
Mottakaren får ein erfaren guide med lokalkunnskap.
Me finn ein dag med gode forhold.
Til dømes truger og brodder ved behov.
God tid til å finne den perfekte dagen.
Prisar – Hardanger Fjellguide
Prisane under gir ei god oversikt over kva ein guida tur vanlegvis kostar. Endeleg pris kan variere etter gruppestorleik, erfaring, ønskjer, turtype og sesong. Me tilpassar alltid opplegget etter behov.
Lett fottur (3–5 timar)
Rolige turar med flott utsikt. Passar dei fleste.
Frå 950 kr per person
Privat gruppe (1–6 pers): frå 3800 kr
Middels fottur / signaturtur (5–7 timar)
Turar som Oksen, Ingebjørgnuten eller tilsvarande høgdeturar.
Frå 1350 kr per person
Privat gruppe: frå 5000 kr
Trugetur (3–5 timar)
Vintertur for alle nivå. Passar også for nye fjellfolk.
Frå 1150 kr per person
Privat gruppe: frå 4400 kr
Topptur på ski (6–8 timar)
Trygg og flott skioppleving i Hardangerfjella.
Frå 1585 kr per person
Privat gruppe: frå 7500 kr
Lån av skredutstyr ved behov.
2-dagars fjelleventyr
To dagar på fjellet – telt eller hytte etter avtale.
Frå 3500 kr per person
Privat gruppe: frå 11 000 kr
Privat guide – skreddarsydd tur
For dei som ønskjer ei heilt tilpassa oppleving.
Frå 4000 kr per dag
Gåvekort
Me tilbyr gåvekort som kan brukast på alle turar. Gåvekortet kan nyttast som delbetaling eller full betaling og er gyldig i 1 år. Leverast som PDF eller sendt direkte til mottakar.
Kjøp gåvekortOvernatting (valfritt tillegg)
Treng du ein base for toppturar, skiopplevingar, vandring eller berre ro og natur? Me tilbyr to flotte utleigeobjekt – eit hus ved Granvinsvatnet og ei hytte på Skykkjeset.
Hus ved Granvinsvatnet — plass til 6 personar
Eit triveleg og komfortabelt hus i vakre omgjevnader ved Granvinsvatnet. Passar for både familiar og vennegjengar som ønskjer godt med plass og rolege omgjevnader tett på naturen.
Sjå på Airbnb / BookHytte på Skykkjeset (Skaftedal)
Ei naturnær og sjarmerande hytte med flott utsikt og rolege omgjevnader. Perfekt for par eller små grupper som ønskjer å bu tett på naturen og starte turen rett frå døra.
Les meir / Book via InaturOMTALER ""Vi var tre fjellvante venner som gikk med Hardanger Fjellguide på randonnè-tur til Ingebjørgnuten i april. For det første var dette en fantastisk fin tur: fint, og lett terreng å gå i, storslagen utsikt, og et imponerende skue over Sørfjorden/Hardangerfjorden da vi sto på toppen på 1210 moh. [..]" Les meir
- - Willhelm Mohn - -

