• Sommarturar til fots

    Me tilbyr guida sommarturar i storslått vestlandsnatur i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og solid lokalkunnskap legg me til rette for trygge, fine og minnerike turar for både nybyrjarar og erfarne fjellfolk.

    Les meir: Fjelltur

  • Guida trugeturar i Hardanger

    Fleire av våre guida vinterturar kan gjennomførast med truger – ein fantastisk måte å oppleve det snødekte fjellandskapet på Vestlandet. Trugeturar er enkle å lære, morosame å gå og passar både for nybyrjarar og erfarne fjellfolk. Med truger kjem du tettare på naturen og kan oppdage vinterlandskap som ellers kan vere vanskeleg å nå. Undervegs deler guiden lokalkunnskap, historier og sørger for ei trygg og minneverdig oppleving i fjellet.

    Les meir: Trugetur

  • Topptur på ski i Hardanger

    Topptur på ski

    Me tilbyr guida toppturar til dei mest populære skifjella i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og stor lokalkunnskap sørgjer me for trygge og minneverdige turar for både nye og erfarne toppturentusiastar.

    Les meir: Topptur på ski

Prisar – Hardanger Fjellguide

Prisane under gir ei god oversikt over kva ein guida tur vanlegvis kostar. Endeleg pris kan variere etter gruppestorleik, erfaring, ønskjer, turtype og sesong. Me tilpassar alltid opplegget etter behov.

Lett fottur (3–5 timar)

Rolige turar med flott utsikt. Passar dei fleste.

Frå 950 kr per person
Privat gruppe (1–6 pers): frå 3800 kr

Middels fottur / signaturtur (5–7 timar)

Turar som Oksen, Ingebjørgnuten eller tilsvarande høgdeturar.

Frå 1350 kr per person
Privat gruppe: frå 5000 kr

Trugetur (3–5 timar)

Vintertur for alle nivå. Passar også for nye fjellfolk.

Frå 1150 kr per person
Privat gruppe: frå 4400 kr

Topptur på ski (6–8 timar)

Trygg og flott skioppleving i Hardangerfjella.

Frå 1585 kr per person
Privat gruppe: frå 7500 kr

Lån av skredutstyr ved behov.

2-dagars fjelleventyr

To dagar på fjellet – telt eller hytte etter avtale.

Frå 3500 kr per person
Privat gruppe: frå 11 000 kr

Privat guide – skreddarsydd tur

For dei som ønskjer ei heilt tilpassa oppleving.

Frå 4000 kr per dag

Gåvekort

Me tilbyr gåvekort som kan brukast på alle turar. Gåvekortet kan nyttast som delbetaling eller full betaling og er gyldig i 1 år. Leverast som PDF eller sendt direkte til mottakar.

Kjøp gåvekort

Overnatting (valfritt tillegg)

Treng du ein base for toppturar, skiopplevingar, vandring eller berre ro og natur? Me tilbyr to flotte utleigeobjekt – eit hus ved Granvinsvatnet og ei hytte på Skykkjeset.

Hus ved Granvinsvatnet — plass til 6 personar

Eit triveleg og komfortabelt hus i vakre omgjevnader ved Granvinsvatnet. Passar for både familiar og vennegjengar som ønskjer godt med plass og rolege omgjevnader tett på naturen.

Sjå på Airbnb / Book

Hytte på Skykkjeset (Skaftedal)

Ei naturnær og sjarmerande hytte med flott utsikt og rolege omgjevnader. Perfekt for par eller små grupper som ønskjer å bu tett på naturen og starte turen rett frå døra.

Les meir / Book via Inatur
OMTALER
""Vi var tre fjellvante venner som gikk med Hardanger Fjellguide på randonnè-tur til Ingebjørgnuten i april. For det første var dette en fantastisk fin tur: fint, og lett terreng å gå i, storslagen utsikt, og et imponerende skue over Sørfjorden/Hardangerfjorden da vi sto på toppen på 1210 moh. [..]" Les meir

- - Willhelm Mohn - -