Fjelltur
Sommarturar til fots
Me tilbyr guida sommarturar i storslått vestlandsnatur i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og solid lokalkunnskap legg me til rette for trygge, fine og minnerike turar for både nybyrjarar og erfarne fjellfolk.
Trugetur
Fleire av våre guida vinterturar kan gjennomførast med truger – ein fantastisk måte å oppleve det snødekte fjellandskapet på Vestlandet. Trugeturar er enkle å lære, morosame å gå og passar både for nybyrjarar og erfarne fjellfolk. Med truger kjem du tettare på naturen og kan oppdage vinterlandskap som ellers kan vere vanskeleg å nå. Undervegs deler guiden lokalkunnskap, historier og sørger for ei trygg og minneverdig oppleving i fjellet.
Topptur på ski
Topptur på ski
Me tilbyr guida toppturar til dei mest populære skifjella i Hardanger- og Voss-området. Med lang erfaring og stor lokalkunnskap sørgjer me for trygge og minneverdige turar for både nye og erfarne toppturentusiastar.
Uncategorised
Me tilbyr ikkje berre guida turar frå det faste turprogrammet vårt – me guidar alle kjende toppturar i områda Hardanger og Voss.
Ta gjerne kontakt, så skreddarsyr me eit opplegg eller ein tur som passar dine ønskjer og nivå.
Med lang erfaring og solid lokal kunnskap sørgjer me for trygge og minneverdige turar for både nye og erfarne toppturentusiastar.
I turprogrammet kan du uforpliktande reservere plass på våre planlagde turar.
Me tilbyr også privatturar for vennegjengar, familiar og firma, og er fleksible på både datoar og destinasjonar.
DESEMBER
| Hamre – Oksen (1241 moh) – Tjoflot | Torsdag 4. desember | Les meir i turrapport |
| Topptur Hardanger Privat tur | Torsdag 18. desember | Les meir |
JANUAR
| Topptur privat gruppe – Hardanger Privat tur | Fredag 9. jan | Les meir |
| Topptur privat gruppe – Voss Privat tur | Laurdag–Sundag 10.–11. jan | Les meir |
| Topptur Voss 2/6 påmeldte | Måndag 26. jan | Ta kontakt |
| Toppturfredag | Jan–Mai | Påmelding |
| Topptur Vossafjell | Sundag 25. jan | DNT/Reservert |
| Trolltunga / Oksen Trugetur | Jan–Feb | Les meir |
| Måneskinstur | Veke 3 | Påmelding |
FEBRUAR
| Topptur i Hardanger | 4/5/6 februar | Reservert |
| Trolltunga Trugetur 2/6 påmeldte | Laurdag 21. feb | Les meir |
| Toppturfredag | Jan–Mai | Påmelding |
| Trolltunga / Oksen Trugetur | Jan–Feb | Les meir |
| Oksenhalvøya på langs | Feb–Mai | Les meir |
| Måneskinstur | Veke 7 | Les meir |
MARS
| Toppturfredag | Jan–Mai | Påmelding |
| Storeflåtten | April–Mai | Les meir |
| Rossnos | Mars–Mai | Les meir |
| Topptur over Raundalsryggen | Mars–Mai | Les meir |
| Oksenhalvøya på langs | Feb–Mai | Les meir |
APRIL
| Reservert – privat toppturgruppe Privat tur | 31. mars – 2. april | Reservert |
| Reservert Privat tur | 19.–22. april | Reservert |
| Reservert Privat tur | Laurdag 25. april | Reservert |
| Toppturfredag | Jan–Mai | Les meir |
| Storeflåtten | Mars–Mai | Les meir |
| Rossnos | Mars–Mai | Les meir |
| Oksen | Mars–Mai | Les meir |
| Topptur over Raundalsryggen | Mars–Mai | Les meir |
| Oksenhalvøya på langs | Mars–Mai | Les meir |
MAI
| Reservert Privat tur | 1.–3. mai | Reservert |
| Toppturfredag | Jan–Mai | Les meir |
| Topptur over Raundalsryggen | Mars–Mai | Les meir |
| Oksenhalvøya på langs | Mars–Mai | Les meir |
| Rossnos | Mars–Mai | Les meir |
| Storeflåtten | Mars–Mai | Les meir |
--
Send ei melding her, så svarer me raskt.
E-post
Om oss

Kjartan Haugen
Kjartan er oppvokst i Granvin og har brukt storparten av fritida si på å utforske det som er å oppdrive av toppturar i nærområdet, og kjenner fjellene på Vestlandet godt - sommar som vinter. Kjartan har guida mange turar dei siste 5-10 årene, flest toppturar på ski, men og trugeturar og fotturar.Hardangerfavoritt: Oksenhalvøya (helst i solnedgang og slusjføre), Storeflåtten og Osafjellet.
Godkjent vinterturleder DNT
www.turogfoto.no

Audun Brekke
Audun bur på Brekke gard, har hytte på Skykkjeset innerst i Skaftedalen, og har dermed heile Raundalsryggen å boltre seg i! Audun er svært fjellvant og er på skitur både om ettermiddager og helger. Favorittfjell: Sørsida av Horndalsnutenwww.tur.tips
Turomtale
Frå Oksenhalvøya får du ei av dei mest spektakulære utsiktene i Hardanger. Her ser du heile fem fjordarmar – Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og fjordlandskapet vidare mot Voss.
På klare dagar kan du sjå både Folgefonna, Hardangervidda og den karakteristiske forma til Hardangerjøkulen. Dette er utan tvil ein av dei mest imponerande fjellturane i regionen.
Guida tur på Oksenhalvøya
Hardanger Fjellguide arrangerer turar til alle dei tre fjella på halvøya – Oksen, Ingebjørgnuten og Midtfjell. Turane blir tilpassa nivå, ønskje og forhold, og kan gjennomførast som klassisk dagstur eller meir spesielle opplevingar.
Du kan til dømes bli med på:
- klassisk topptur til Oksen
- rundtur over fleire toppar
- solnedgangstur i fjella
- måneskinstur
Guidane våre kjenner området svært godt og tek deg gjerne med til dei beste utsiktspunkta og dei mindre kjente rutene. Undervegs deler vi lokal historie, naturkunnskap og historier frå fjella i Hardanger.
Turinformasjon
| Rute | Oksenhalvøya (Oksen, Ingebjørgnuten, Midtfjell) |
| Sesong | mars – september |
| Gradering | Middels |
| Varigheit | 5–7 timar • ca. 1200 høgdemeter • ca. 14 km |
| Deltakarar | Minimum 6 personar |
| Oppmøte | Coop Granvin kl. 08:30 |
| Pris | 1400 kr per person Påmeldingsfrist: 5 dagar Grupperabatt: 15% |
| Påmelding | Meld deg på via kontaktskjema |
Bilde frå turen

Sherpatrappene til Kvandalsstølen tek deg med opp gjennom vakkert vestlandslandskap, der det er idyllisk frå fyrste steg på stien. Rundt deg er det frodig og grønt, med Kvanndalselva som renn langsmed stien. Dette er ein tur som kombinerer historie, kultur og vakker natur. Stølsstien, som har eksistert sidan 1600- tallet, har dei siste fire årene fått 1800 trappetrinn, bygd av erfarne sherpaer fra Khunde i Nepal.
Me arrangerer guida turar opp Sherpatrappene til Kvandalsstølen, og tilbyr ulike variantar av turen tilpassa dine ynskje og ferdigheiter. Ynskjer du ein rundtur der du får oppleve fleire sider av fjellet? Me tilpassar turane slik at du får den beste opplevinga, anten du vil ha ein roleg familietur eller ei meir utfordrande rute. Undervegs deler me lokalhistorie og kunnskap om området, og me sørgjer for at du får ein trygg og minneverdig tur. Me kan også ordne med logistikk, slik at du slepp å bekymre deg for transport eller ruteplanlegging – du kan berre nyte turen og den storslåtte utsikta.
| Rute: | Kvanndalstreppene (lågterskeltur) |
| Tidspunkt: | mars, april, mai, juni, juli, august, september, oktober |
| Gradering: | Enkel/Middels |
| Varigheit: | 3-6 timar, omlag 700 høgdemeter og 10km |
| Ant. påmeldte: | minimum 6 stk. |
| Oppmøte: | Coop Granvin kl 08:30 |
| Påmelding: | For påmelding bruk kontaktskjema. |
| Pris: | 1000,- per person. Påmeldingsfrist: 5 dager. Grupperabatt 15%. |
Bildegalleri

OMTALER ""Vi var tre fjellvante venner som gikk med Hardanger Fjellguide på randonnè-tur til Ingebjørgnuten i april. For det første var dette en fantastisk fin tur: fint, og lett terreng å gå i, storslagen utsikt, og et imponerende skue over Sørfjorden/Hardangerfjorden da vi sto på toppen på 1210 moh. [..]" Les meir
- - Willhelm Mohn - -
