Utsikt frå Oksenhalvøya

Frå Oksenhalvøya får du ei av dei mest spektakulære utsiktene i Hardanger. Her ser du heile fem fjordarmar – Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og fjordlandskapet vidare mot Voss.

På klare dagar kan du sjå både Folgefonna, Hardangervidda og den karakteristiske forma til Hardangerjøkulen. Dette er utan tvil ein av dei mest imponerande fjellturane i regionen.

Guida tur på Oksenhalvøya

Hardanger Fjellguide arrangerer turar til alle dei tre fjella på halvøya – Oksen, Ingebjørgnuten og Midtfjell. Turane blir tilpassa nivå, ønskje og forhold, og kan gjennomførast som klassisk dagstur eller meir spesielle opplevingar.

Du kan til dømes bli med på:

  • klassisk topptur til Oksen
  • rundtur over fleire toppar
  • solnedgangstur i fjella
  • måneskinstur

Guidane våre kjenner området svært godt og tek deg gjerne med til dei beste utsiktspunkta og dei mindre kjente rutene. Undervegs deler vi lokal historie, naturkunnskap og historier frå fjella i Hardanger.

Turinformasjon

Rute Oksenhalvøya (Oksen, Ingebjørgnuten, Midtfjell)
Sesong mars – september
Gradering Middels
Varigheit 5–7 timar • ca. 1200 høgdemeter • ca. 14 km
Deltakarar Minimum 6 personar
Oppmøte Coop Granvin kl. 08:30
Pris 1400 kr per person
Påmeldingsfrist: 5 dagar
Grupperabatt: 15%
Påmelding Meld deg på via kontaktskjema

Bilde frå turen