Nipahøgdi (1376m) og Gjerdanuten frå Osafjellet

Tidspunkt: Lørdag 24.april / Søndag 16.mai
Vanskeligheitsgrad: Enkel
Lengd og varigheit: 5-6 timar, omlag 900 høgdemeter og 9km
Utstyr og praktisk info: klikk her
Minimum antall påmeldte: 4 stk.
Reisetid: ca 50 minutt med bil frå Granvin
Oppmøte/stad: Coop Granvin kl 09
For påmelding bruk kontaktskjema.

Frå parkeringa på Osafjellet (930moh) tar me fyrst ein tur i den sørvendte (og solvendte) flanken i retning Nipahøgdi. Frå toppen har me langstrakt utsikt mot Osafjorden og Hardangerjøkulen, og det venter oss nesten 400 høgdemeter med fin skikøyring nedatt til utgangspunktet. Etter ein god pause med pølsegrilling og kaffi går turen vidare frå parkeringa og opp den nordvendte flanken. Er føret bra tek me fleire turar ned fjellsida!

Bilete frå tidlegare turar:
Osafjorden frå Nipahøgdi

Sørflanken i perfekt slusjføre

Pølsegrilling og kaffipause