Nedkøyring i brearmen aust for Onen
Fullmåne og stjerneklart
Pudder og måneskin i Jordalen
Tingsteinen (Skaftedalen)
Guida tur frå Tjoflot til Oksen
Oksebrekkene og Hardangerfjorden i solnedgang
Kveldssol over Olsskavlen
Botnlaust med nysnjo
Ingebjørgfjellet med utsikt mot Sørfjorden
Oksebrekkene i vakker kveldssol
Opp nordsida av Horndalsnuten
Frå Vassfjøro (1633m) mot Ljoneskrulen
Frå Grimsnuten mot Nesheim
med Eidfjorden i bakgrunnen
Kveldstur til Lønahorgi (1410m) på Voss
Pudderføre i Oksebrekkene
Opp nordsida av Horndalsnuten
Puddersvingar i Jordalen
Lang kveldstur frå Stokksel til Oksen
Hodelykttur til Såta frå Fenno
Rapjahalsen på Voss
Elvadalen ned frå Horndalsnuten
Oksebrekkene med Sørfjorden i bakgrunnen
40cm dagsfersk nysnjo opp frå Vindhovden
Frå Vatnahalsen til Urdshovd
Storeflåtten frå Bu
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow
Shadow
Slider

TOPPTUR PÅ SKI

Guida toppturar

Hardanger fjellguide tilbyr guida turar på ski. Me har lang erfaring og lokal kjennskap til toppturar i områdene rundt Hardanger og Voss. Vårt fokus er å tilby trygge turar, flotte naturopplevingar og å gje deg ein god opplevelse i fjellet.

Kveldsturar og måneskinsturar

Kraftige lykter har gjort toppturar til kvelds- og nattaktivtet. Lite kan måla seg med turar i solnedgang og måneskin, pudderturar med nedkøyring i ljoset frå hovelykta, eller turar der ein er heldig og får sett nordljoset frå toppen. Me tilbyr turar der du kan få oppleve alt dette - om vær og føre tillater det.

Dagsturar og overnattingsturar

Me tilbyr og skreddersydde toppturar, både dagsturar og overnattingsturar. Ta gjerne kontakt med oss om du har ein tur du ynskjer å få gjennomført, eller meld deg på ein av våre oppsatte turar frå turprogrammet.

Praktisk info og sikkerheit

  • På turar i bratt terreng er det påkrevd med skredsøkar, søkestang og spade.
  • I god tid før avreise sender me deg ei utstyrsliste og all praktisk informasjon.

Utstyr og bekledning

  • Skisekk med gode fester til å bære ski på sekken, og fleire rom til div utstyr, mat, drikke etc.
  • Randonèe (toppturski/telemarkski), skisko og staver
  • Skihjelm
  • Skarejern (valgfritt)
  • Skifeller (sjå over at fellene har god lim og dekker ut til stålkanten)
  • Skredsøker, spade og søkestang (sjekk batteri)
  • Repsett (i tilfelle bindingen eller noko ryker)
  • 30-40L sekk
  • Solbriller
  • Goggles / skibriller
  • Termos med varm drikke og matpakke
  • Bekledning:
  • isolerende undertøy (ull)
  • ekstra skift ull-undertøy.
  • ekstra lue, hansker/votter
  • isolerende mellomlag (ull / fleece)
  • vind/vanntett ytterbekledning
  • lue
  • hansker/votter
  • isolasjonsjakke (dun, primaloft eller ull)
Prøv å hold vekta på sekken lågast mulig uten at det går på bekostning av sikkerheit og turglede.

Tidspunkt

Dato: Frå desember til midten av mai
Lengde: Etter eige ynskje

Erfaring

Me kan tilby turar til alle uavhengig av erfaring. Det er ein fordel at erfaringa i dei enkelte gruppene er forholdsvis lik.
Alle våre turar blir tilpassa gruppa etter lengde på opphald og erfaring.

Prisar

Skikøyrer / Guide = NOK per skikøyrer pr dag
1:1 = 5000 NOK
2:1 = 2500 NOK
3:1 = 2200 NOK
4:1 = 1600 NOK
5:1 = 1500 NOK
6:1 = 1400 NOK
Max 6 gjester pr guide.

Inkludert i prisen:

– alle utgifter til guide og alt av felles utstyr

Ikkje inkludert i prisen:

– personlig ski-/skredutstyr
– transport
– overnatting
– mat og drikke
– reiseforsikring


Bilder&video frå tidlegare turar

Besøk Audun sin turblogg: www.tur.tips
Besøk Kjartan sin turblogg: www.turogfoto.no

Horndalsnuten 04.01.2020 / Filma av Audun Brekke

Tverrlia i Jordalen

Hodelyktur til Rapjahalsen med Voss sentrum som lyser opp i balgrunnen.

Vassfjøro - Ljoneskrulen from Kjartan on Vimeo.

Strutseggi, soloppgang from Kjartan on Vimeo

Sesongstart på Onen (Osafjellet) from Kjartan on Vimeo.